Vi er ein Unesco-skule

Skogsvåg skule er med i UNESCO sitt skulenettverk som arbeider for: Globalt medborgerskap og ein kultur for fred og ikkje-vald, bærekraftig utvikling og ein bærekraftig livsstil, samt interkulturell læring og verdsetting av kulturelt mangfold og kulturarv.

Skogsvåg skule er ein FN-skule. Det inneber mellom anna at vi alltid markerer FN-dagen 24.oktober. Stundom får vi besøk av representantar frå FN. Vi arbeider for å fremje FN sine 17 bærekraftsmål, og legg vekt på å undervise i tråd med desse.

https://www.fn.no/unesco/bli-unesco-skole

Skogsvåg skule er også ein Unesco-skule, der vi er med i eit skulenettverk. Vi deltek på konferansar, får fagleg påfyll, får tilbod om venskapsskule m.m.

UNESCOs skolenettverk har tre prioriteringar som i stor grad fell saman med verdiane i Fagfornyinga:

  • utdanning for bærekraftig utvikling
  • globalt medborgarskap
  • interkulturell læring og kulturarv
På Lyngheisenteret