Geitramsprosjektet

Skogsvåg skule har vore med på Rams sitt prosjekt også i år. Vi har plukka geitrams, laga saft og seld safta til heimane, alt til inntekt for Unicef sitt arbeid i Jemen. Det vart seld saft for over 10000 kroner!

Rapport frå ein lærar: “Vi er jo ein Unesco-skule, og legg stor vekt på bærekraft. I år har prosjektet utvikla seg vidare. Ein elev ringjer på døra og spør om eg vil vere med og plukke geitrams. Fleire elevar har på eige initiativ plukka geitrams heime og tatt med på skulen. Fleire elevar fortel dei har laga geitramssaft heime i sommar. Ei mor fortel at ho har oppdaga at det veks mykje geitrams rundt huset, og at ho kan jo plukke og lage saft.”

Her er meir info om Rams: https://www.forjemen.org/