Skulen ønskjer å finne elevane som treng særskilt tilrettelagt opplæring tidleg, og vi ønskjer at alle elevane får individuelt tilrettelagt opplæring.
Skulen har eigen plan for kartlegging av elevane ved skulen. Vi brukar mellom anna Alle teller, som kartlegg elevane sin dugleik i rekning. I løpet av skuleåret vert alle elevane på småtrinnet testa med aktuell Aski Raski kartlegging for trinnet. Avhengig av tal elevar over kritisk grense, og kva vanskar elevane viser, vert det sett i gong intensivt opplegg.