Ordensreglar

Skogsvåg skule skal vere ein trygg og god stad å vere. Derfor må vi vere ærlege, høflege og vise respekt for kvarandre slik at skulen blir ein god plass for læring, utvikling og trivsel.

For elevane

  1. Du skal møte presis til timane, ha orden i skrivesaker og ha gjort leksene dine. Du har ansvar for dei skulesakene du får utdelt.
  2. Du skal sørgje for å gje andre arbeidsro i klassen. Ting som kan skape konfliktar og uro, som elektronisk utstyr, skal du la liggje igjen heime.
  3. Skulen har mobilhotell for elevane på 5. til 7.trinn. Elevane legg mobilen i ein boks i første time, og får den igjen i siste time.
  4. Før du går inn til klasserommet, må du ta uteskoa av på gangen. Når du går frå klasserommet skal du rydde etter deg.
  5. Du kan ikkje ha snop med på skulen.
  6. Du skal vere ute i friminutta om ikkje læraren gir deg lov til anna.
  7. Det er viktig å sjå til at alle har det bra på skulen. Du syner omsorg ved å melda frå om elevar vert plaga eller har det vondt på anna måte. Ver venleg og pass på at du ikkje seier ting som sårar andre.
  8. Alle har rett til å ferdast trygt, både på skulen, på skulevegen og på skulebussen. Du skal ikkje skade medelevar på noko vis. Snøballkasting er tillate berre på oppsett blink. Syklar, sparkesyklar og skateboard skal plasserast i stativ og stå i ro der til skuledagen er over.
  9. Når du skal heim med bussen må du finne din plass i køen. Du skal ikkje snike eller dytte nokon.
  10. Mobiltelefonar skal ikkje nyttast av elevane i skule- og sfo tid.
  11. Skulen har tilsyn ute frå kl.8.20 om morgonen til elevane forlet klassane ved slutten av dagen.
  12. Hette, lue og cap skal vere av hovudet når du er inne på skulen. 

For alle

  1. Alle som brukar skulen skal rydde etter seg og sørgje for at ingen ting vert øydelagd. Det skal ikkje førekome skriving, riping, rabling på pultar, vegger eller andre stader.
  2. Etter bruk må ein ansvarleg vaksen sjå til at alt er i orden, sløkkje lysa, stengje vindauga og låse dørene.
  3. Uteområdet er leikeareal. Det skal vere ryddig og reint. Det er ikkje lov å bruketyggegummi, røykje eller bruka rusmiddel av noko slag på skulen sitt område.
  4. Det skal vere trygt å leike på skuleplassen. Det skal ikkje vere biltrafikk på området i friminutta eller elles når elevar er ute.

Konsekvensar ved brot på ordensreglane

  1. Om du bryt ordensreglane, vil læraren i første omgang visa deg til rette, samtala med deg og setja i verk tiltak for å få deg til å endra åtferd. Dersom åtferda framleis ikkje blir betre, kan rektor visa deg bort frå timen eller resten av dagen etter å ha rådført seg med læraren din. Men i så tilfelle vil rektor varsle dine førsette før bortvising vert sett i verk. Skulen håper at det ikkje skal vera aktuelt å ta så alvorlege reaksjonar i bruk.
  2. Dersom det blir gjort skade på noko innanfor skuleområdet, kan det krevjast erstatning. Skulen er ikkje ansvarleg for personlege eigendelar til elevane eller andre som brukar skulebygget.
  3. Vaske,- rydde- og reparasjonsarbeid kan elles bli aktuelt.
  4. Å bli halde igjen etter skuletid kan bli aktuelt dersom ein elev ikkje gjer heimearbeid, når dei ikkje brukar timane effektivt eller unødig somlar bort eiga, medelevar eller lærar si tid. Før eit slikt tiltak blir sett i verk må føresette varslast.
  5. Grove tilfelle av vald/hærverk vil bli meldt til politiet med krav om erstatning.

Evaluering og handsaming av ordensreglane skal gå føre seg kvar vår av FAU, samarbeidsutvalet, personalet og elevrådet ved skulen.