Lage modell av solsystemet

Elevar på mellomtrinnet har lært om solsystemet. Dei har lest, sett film, laga modellar av pappmasjé og hengt dei opp under taket på Styrkerommet. Flott arbeid,- kanskje andre elevar kan få kome og sjå?

Først leste vi om alle planetene, så kikka vi på film om kvar enkelt planet.

Vi blåste opp ballonger etter størrelse på planetene. Vi reiv opp avispapir som vi dyppa i tapetklister og så la vi strimlane på ballongen.

Vi hang dei til tørk, så tok vi på meir avispapir og klister. Då planetane var tørre fann vi bilete av planetane og malte dei så likt som mogeleg.

Vi måtte lage ei sol og ringar rundt Saturn, det brukte vi farga kartong til.

Vi festa ein tråd to i taket og hang opp alle planetane. Vi sette gule merkelappar med namna til planetene på taua dei hang i .

Ytterst heng ERIS, ein pitteliten planet lengst ute i Melkevegen, så kjem Neptun og Uranus. Dei er blå og er det vi kallar isplanetar.

Deretter kjem Saturn og Jupiter, dei er brun/gule , dei kallar vi gassplanetar.

Så kjem fire steinplaneter, Mars, Jorda, Venus og Merkur.

Til slutt ser vi sola som heng på veggen.

Bjørnar (6.), Kevin (5.), Thorben (5.) og Michael  (7) har vore med å laga det flotte solsystemet vårt.