Eg er kjempe klar og super entusiastisk for å ynskje dykk alle velkomen til eit nytt skuleår. Eg ser verkeleg fram til å møte dykk igjen og til å kome i gang med eit nytt og spanande år saman.
Dette skuleåret bringer med seg nye moglegheiter, og eg håpar de er like spent som eg er. Saman skal vi skape eit læringsmiljø der alle har det bra, og får utvikle seg ilag med gode venar og trygge vaksne.
Heile Skogsvåg skule og SFO skal i 3 dagar neste veke ha planleggingsdagar med godt og inspirerande innhald, til det beste for elevane våre.
Vi ser fram imot å møte akkurat deg igjen, og vi håpar du er klar for skulestart!
Til nye 1.klassingar og alle andre som saknar skulen, sjå litt på denne: drive.google.com/file/d/1tVGVkPKNNMQoE2DyBbt-k75aEex2BkYX/view?usp=sharing
Til føresette: det er sendt ut samtykke til godkjenning i Vigilo, begge føresette må godkjenne! Vedlagt finn de skulereglane som alle må lese heime saman med sitt born.
Med vennleg helsing Rektor, Ingrid Bildøy Hestad Alle dei tilsette på Skogsvåg skule