Før startskotet var det felles oppvarming med rektor i spissen. Til tonane av den heilt eigne Løp-løp-songen vart både små og store klare for innsatsen som venta. Etter løpet var over kom SPEKKI, skulen sin eigen maskot. Han hadde med seg bananar han hadde fått frå Rema 1000 i Skogsvåg.
I år var temaet Løp for havet, som set fokus på plastforsøpling og korleis dette trugar livet i havet. Som UNESCO-skule arbeider Skogsvåg for globalt medborgarskap, berekraft og respekt for mangfald. Skuleløpet er eit tydeleg døme på korleis desse verdiane kan levast ut i praksis — gjennom fellesskap, fysisk aktivitet og solidaritet.
No går vi inn i haustferien etter nokre fine veker og ein god start på skuleåret. Vi tek med oss gode opplevingar og ser fram til å møte resten av skuleåret med same engasjement og pågangsmot som vart resultatet på løpsdagen.
FORUT Skoleløpet 2025: Skogsvåg skule | Spleis fra SpareBank 1
Felles oppvarming :-)
Elev i Skuleløp
Michael og elever
Spekki
Lsbeth deler ut bananar
Stort engasjement på bana