Frå Tinestafetten på Skogsvåg stadionMed Inge Vik som entusiastisk mikrofonansvarleg og rektor Ingrid Hestad som leia felles oppvarming, starta dagen med energi og høg stemning. Skulane Stranda og Spildepollen deltok, og saman med Skogsvåg sine eigne elevar skapte dei liv og røre på stadion.
Elevane sprang med stort engasjement og viste både innsatsvilje og samarbeidsevne. Dei oppførte seg førebiletleg, og det var tydeleg at både store og små hadde ein flott dag.
Ein stor takk går til Skogsvåg Idrettslag for lån av bana og utstyr – utan dykk hadde ikkje dette vore mogleg. Skulane set stor pris på innsatsen de legg ned for lokalmiljøet og ungane våre.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Skogsvåg skule