SFO-dagen var full av aktivitetarDet var høgt aktivitetsnivå, mykje ekte glede og stort engasjement frå både barn og vaksne.
Barna fekk prøva seg på ei rekkje ulike aktivitetar. Det vart spela bowling og ringspel, sprunge stafett, løyst reknespel, kasta erteposar og gått på stylter. Det vart spelt kanonball, og musikken ljoma utover området medan latteren sat laust. Det var leik, samarbeidsøvingar og mange meistringsopplevingar – akkurat slik ein ønskjer at ein SFO-dag skal vera.
TRYGG
Mellom slaga kom det fleire fine gullkorn frå barna. Dei sette ord på eigen kvardag og kunne fortelja om arbeidet med Skogsvåg skule og SFO sitt felles utviklingsarbeid TRYGG. Barna kunne ramsa opp eigenskapar dei hadde øvd spesielt på akkurat denne dagen, som sjølvkontroll, omsorg, tolmod, hjelpsamheit og samarbeid. Dette vitnar om at arbeidet med sosial kompetanse og tryggleik gjer meining for barna og er godt forankra i heile kvardagen.

Dei tilsette var aktive og med i aktivitetane, og bidrog til ei ramme prega av smil, latter og positiv energi. Musikken sette stemninga, og både barn og vaksne viste stor glede over å vera saman. Det beste med dagen var kanskje at alle fekk is, meinte ei jente i 1.klasse. Rektor var óg ute saman med barna, men ho gjekk på stylter om kapp rundt skulen. Dette til stor begeistring for fleire!
God start er viktig
SFO har ei viktig rolle i barna sin kvardag. SFO jobbar målretta med rammeplanen, årsplan og kompetanseheving for dei tilsette. Det vi veit er at god kvalitet på starten av dagen og etter skuletid legg eit viktig grunnlag for betre læring og utvikling i skulen. Det er ikkje berre undervisningstimane som tel – det er heile skuledagen som er viktig og verdifull for barna sin trivsel, motivasjon og læringslyst. På SFO får barna rom til å vera seg sjølve, bygga relasjonar, utvikla sosial kompetanse og oppleva meistring i trygge omgjevnader.

I Skogsvåg arbeider ein målretta med visjonen vi'skulen, der skule og SFO står saman i eit felles utviklingsarbeid gjennom TRYGG. Skulen sin visjon er «hand i hand løftar vi kvarandre fram», og denne dagen var eit tydeleg døme på korleis denne visjonen vert levd ut i praksis – gjennom samarbeid, fellesskap, varme relasjonar og trygge vaksne.
Den store SFO-dagen vart ein dag fylt med glede, læring og fellesskap. Ein dag som viser kor viktig SFO er som arena for tryggleik, utvikling og meistring – og ein stad der barn får veksa, både som individ og i lag med andre.
Her er fleire bilete:
Ingrid Bildøy Hestad
rektor