Ordensreglement

Kommunen og fylkeskommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskole og videregående skole, jf. opplæringsloven § 9 A-10.

Skulen er vår arbeidsplass der alle skal trivast, kjenne seg trygge og har rett til å lære. Ordensreglane skal hjelpe oss til å få eit trygt og godt læringsmiljø.

  1. Du har ansvar for å halda deg innanfor skulen sitt område i skuletida.
  2. Du har ansvar for å møte i rett tid til timane og passe på  å ha med deg dei skulesakene du treng til ei kvar tid.
  3. Du skal vise respekt for skulen sine bøker og utstyr.
  4. Du skal vise respekt for andre og ha omsorg for andre. Dersom nokon kjem opp i konflikt skal du alltid sei frå til ein vaksen.
  5. Du har ansvar for at mobiltelefon, og andre personlege saker ligg i skulesekken / hos kontaktlærar til skuledagen er ferdig. Dersom du tek med personlege saker har du erstatningsansvar for dette sjølv.
  6. Du har ansvar for å halde orden i gang og klasserom.

Ved brot på reglane

  • Den som bryt reglane må stå til ansvar for det.
  • Heimen vert kontakta når det er naudsynt.
  • Ved uforsiktig handsaming eller øydelegging av skulen sitt utstyr skal eleven vere med på å utbetre/ordne/erstatte opp i det som er skada/øydelagd gjennom t.d. å rydde søppel, koste eller liknande.
  • Eleven skal ringe heim:  Skulen har møte med foreldre og elev.
  • I alvorleg tilfelle kan rektor vise bort  ein elev inntil ein dag

Fastsett av Samarbeidsutvalet ved  Rong skule ___29.01.19________

Eg har lese ordensreglementet og vil gjere mitt beste for å følgje dette.