Elevråd

Ved kvar grunnskule skal det for trinna 8-10 vera eit elevråd med ein representant for kvar klasse. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skulen har teke til om hausten.

Ein medlem av undervisningspersonalet på skulen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet. Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.

Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape godt lærings – og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.

Elevråd

Elevrådskontakt skuleåret ved skulen 2022/23: Øyvind Solsvik og Arne Gunnar Solsvik

Elevrådskontaktar
Klasse Tillitsvald Tittel
8M1 Linnea isdahl Kristensen.
8M2 Julian Alvheim
8M3 Sara Vik
9M1 Hedda Hellesund PR-Sjef
9M2 Niklas Giertsen
9M3 Aron Oen-Blom
10M1 Storm Aleksander Terjesson Nestleiar
10M2 Anna Kårbø Rong Leiar
10M3 Tomine Måge PR-Sjef