Klage på standpunktkarakterar

Å klage på ein karakter tyder at eleven/ føresette meiner at det er gjort feil i vurderinga i høve til kompetansemål eller vurderingsforskrift. Det er derfor forskjell på å være misnøgd eller skuffa over ein karakter og å ha formelt klagegrunnlag.

Klagerett på standpunktkarakterar

Eleven bør derfor snakke med faglærar og få forklart karakteren og grunnlaget før ei eventuell klage. Om elev/ føresett etter ei slik grunngjeving vil klage, skal klaga setjast fram skriftleg og stilast til rektor.

Alle karakterar som skal stå på vitnemålet kan klagast på

  • Dette gjeld også om ein elev ikkje får standpunktkarakter ( pga. for stort fråvær eller andre tilhøve).

Kven kan klage?

  • Eleven, eller den han/ho har gitt skriftleg fullmakt, har klagerett.
  • Elev under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette for å klage.
  • Føresette til ein umyndig elev har sjølvstendig klagerett.

Klagefrist

  • Klagefristen er 10 kalenderdagar frå det tidspunktet eleven/føresette er gjort kjende med eller burde ha gjort seg kjende med karakteren.

Korleis kan ein klage?

  • Klage må setjast frem skriftleg, og vere underskriven av klagar eller fullmektig. Elevar over 15 kan klage sjølve.
  • Klage skal opplyse om kva fag/ karakter/ sakshandsaming det blir klaga på.
  • Klage skal stilast til rektor og leverast/ sendast til skulen sitt forkontor.
  • Klagar bør samrå seg med faglærar før klage blir sendt.
  • Klage på standpunktkarakterar og karakterar i orden/åtferd må grunngjevast.

Klagehandsaming – Standpunktkarakter

  • Rektor gir fråsegn om sakshandsaming, med kopi til klagar.
  • Faglærar gir fråsegn, med kopi til klagar.
  • Rektor sender klaga til klagenemnda. (Fylkesmannen).
  • Klagenemnda vurderer om gjeldande reglar for karaktersetjing er følgde. Dersom klagenemnda tar klaga til følgje, skal eleven få ny vurdering.
  • Rektor set endeleg karakter.

Ny karakter

Klagehandsaming kan føre til at karakteren blir uendra eller endra til ein betre eller dårlegare karakter. NB! Reglar om varsling gjeld når det ikkje er grunnlag for karakter.