Karakterar og karaktersetting

På ungdomssteget ( 8.-10. skoleår) skal det setjast terminkarakterar i alle fag og i orden og åtferd (unnatak er utdanningsval).

Karakterar

Karaktergradene i faga er: 1 – 2 – 3 – 4 – 5 og 6. 1 er dårlegaste og 6 er beste karakter. Karakteren 1 inneber at eleven har oppnådd liten grad av måloppnåing i faget. Karakteren 6 inneber at eleven har oppnådd særleg høg grad av måloppnåing i faget. For orden og åtferd er karaktergradene: God (G), Nokså god (Ng), og Lite god (Lg).

Vurdering i dei ulike faga

Her kjem kriterier for karaktersetting i dei ulike faga.

FAQ