Ordens- og trivselsreglar

Ved Øygarden ungdomsskule vil me fremja trivsel, respekt og ansvar for alle i skulesamfunnet!

Tiltak ved brot på ordens- og trivselsreglane

Generelt om tiltak ved brot på ordensreglementet. Alle elevane ..”har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring” (Jf. opp.lova § 9a-1).

Personalet har såleis eit særleg ansvar og ei klar plikt til å vise omsorg for elevane på skulen og gripe inn for å hindre at elevar skadar eller plagar andre eller skadar seg sjølv eller skulen.

I kvart tilfelle må ein vurdere kor alvorleg brotet er, kor ofte eleven bryt regelverket og føresetnader til enkeltelevar. I dei fleste tilfelle vil tilsnakk eller samtale vere tilfredsstillande. I andre høve kan refsing/sanksjonering vere nødvendig. Fysisk refsing eller annan krenkjande handling samt kollektiv straff skal aldri nyttast. Sanksjonar må kome rett etter regelbrotet, men ikkje før saka er forsvarleg handsama /opplyst. NB! Eleven har alltid rett til å forklare seg.

NB!! Berre tiltak som går fram av punkta nedanfor kan nyttast overfor elevar som handlar i strid med reglementet.

Forskift