Om oss

Øygarden ungdomsskule ligg på Rong nord i Øygarden kommune. Skulen er ein nynorskskule med omlag 200 elevar, men det vert undervist på både nynorsk og bokmål.

Jonas Stenehjem  Elevane som går på Øygarden ungdomsskule kjem frå barneskulane Tjeldstø, Blomvåg, Rong og Toftøy skular.

På kvart trinn har vi tre mellomgrupper (klassar). Kvart trinn har sin eigen fløy med klasserom, grupperom, toalett og uvêrsskur. 

Øygarden ungdomsskule ligg tett ved Hjeltefjorden Arena der elevane har både symjing og gym. I nærleiken finn vi Tednebakkane Omsorgssenter, som vi samarbeidar med i valfaget "Innsats for andre", og Fjordparken, der vi har kajakkar, som vert nytta i undervisninga. 

MOT står sterkt på Øygarden ungdomsskule. Vi nyttar både MOTs grunnprogram "Robust 12-16" og MOTs påbyggingsprogram "Skolen som samfunnsbygger"

To gonger i året gjennomfører vi psykisk- og fysisk helseveke, medan 10. trinn kvart år set opp musikal i februar månad. 

Visjon og mål

Øygarden ungdomsskule - Saman gjer vi kvarandre gode
På Øygarden ungdomsskule gjer vi kvarandre gode. Saman skaper vi ein kvardag med fagleg utvikling, engasjement, kreativitet og respekt.

Skuledagen vår

Skuledagen vår
Time Tid Dagar
1. 08.30-09.15 Man-Fre
2. 09.25-10.10 Man-Fre
3. 10.20-11.05 Man-Fre
4. 11.35-12.20 Man-Fre
5 12.20-13.15 Man-Fre
6. 13.25-14.10 Man, Ons, Tors, Fre
7. 14.20-15.05 Ons og Tors

Fotogalleri

Jonas Stenehjem Jonas Stenehjem   Jonas Stenehjem   Jonas Stenehjem   Jonas Stenehjem   Jonas Stenehjem   Jonas Stenehjem   Jonas Stenehjem   Jonas Stenehjem   Jonas Stenehjem