Strålande vinteraktivitetsdag for Øygarden ungdomsskule tysdag 20.januar!

Det vart ein vinterdag for historiebøkene då Øygarden ungdomsskule drog ut til ski, sol, snø og frisk luft denne veka. Overalt – frå akebakken til langrennsløypene og heilt ned i alpinbakkane – var det smil, latter og ekte vinterglede.

Elevane fekk velje mellom fleire aktivitetar, og mange kasta seg ut i noko heilt nytt. I Øvebakken fekk fleire prøve slalåm for aller første gong, medan langrennsgjengen gjekk med passe god fart og høg stemning inn til Mødalen. I akebakken gjalla jubelropa, og i alpinanlegget var det full fart og hurra meg rundt frå start til slutt.

 

Rundt bålpanna samla elevane seg for å varme seg, grille pølser og dele historier frå dagens store og små meisterverk. Fellesskapet stod sterkt, og fleire elevar fortalde at dette var den beste skuledagen dei kunne hugse.

 

Ein slik dag gir meir enn berre fart og moro – den bygg fellesskap, skapar meistring, styrkjer helse og trivsel, og lar elevane oppleve naturglede og inkluderande aktivitetar i praksis. Dette er akkurat slike opplevingar overordna del av læreplanen legg vekt på.

 

Til sist vil vi på ny seie tusen takk til føresette som gjennom FAU bidreg med essensiell finansiell støtte og positivitet!  Utan dykk hadde denne magiske vinterdagen ikkje vore mogleg.