Morgongry på Øygarden ungdomsskule

På Øygarden Ungdomsskule (ØUS) har vi denne veka hatt høgtlesing for alle elevane på ungdomsskulen.

Høgtlesing i fellessalen - Klikk for stort bileteHøgtlesing i fellessalen

Med lyslenker i taket og musikk frå filmen «Stargate», samla vi alle elevane ved ØUS i fellessalen, der lærar Aud Helen Solsvik las høgt frå boka «Stargate – en julefortelling» av Ingvild W. Rishøi. Arrangementet er vår eigen versjon av  «Morgongry» i samanheng med Nordisk litteraturveke.

I regi av Foreningen Norden vert Nordisk litteraturveke halden kvart år, og rundt i Norden vert det lest på bibliotek, skular og andre kulturinstitusjonar denne veka. Hovudarrangementet «Morgongry», der opp mot 2000 ulike institusjonar deltek, vert halden måndagsmorgon.  

Målet er å spreia høgtlesing, leseglede og nordisk litteratur i Norden. Tema for dette året er «Samhold», og for oss på ØUS er dette ein viktig verdi. Det å lesa høgt for elevane våre, sjølv om dei er ungdommar og mange sjølv kan lesa, tenkjer vi er viktig for å skapa ein felles tekstkultur. Dessutan er det utruleg fint å oppleva noko saman, og vi legg vekt på at elevane på skulen skal oppleva det gode fellesskapet som bøker kan gje.

Det vart ein roleg og god start på morgonen for både lærarar og elevar ved ØUS.

Fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Hilde Vik, skulebibliotekar