Sjølvbetent bibliotek er eit tilbod som gir deg tilgang til biblioteket utanfor ordinære opningstider, når personalet ikkje er til stades.
Kva har du tilgang til når biblioteket er sjølvbetent?
Utanfor ordinær opningstid har du tilgang til biblioteket si samling, med unntak av spel og materiale som er plassert på Magasin. Du kan sjølv låna og levera bøker på sjølvbeteningsautomaten.
Reserverte bøker står på eigen hylle ved automaten. Dei er sortert etter hentenummeret du har fått tilsendt (t.d. 29/164). Det du har reservert må registrerast som utlånt på automaten som vanleg.
PC’ar og utskrift er tilgjengeleg som vanleg. Skal du ha skanna eller kopiert noko, må det gjerast i ordinær opningstid.
Korleis får du tilgang til sjølvbetent bibliotek?
For å få tilgang må du signera eigen kontrakt. Det gjer du ved å møta opp i biblioteket og kontakta skranken. Ein må vera fylt 18 for å få tilgang.
Etter kontrakten er signert og registrert har du tilgang til å bruka biblioteket utanfor opningstid. For å komma inn på biblioteket når det er stengt, skannar du lånekortet ditt og tastar inn pinkoden på panelet ved inngangen.
Biblioteket videoovervåka i sjølvbetent tid. All rørsle i lokalet filmes, og lagres i 7 døgn før det slettes. Ved mistanke om problemer vil videoen bli kontrollert av vårt personale. Overvåkningsmateriale vil også bli overlevert politiet ved en eventuell anmeldelse som følge av hærverk, tyveri eller lignende. Låner vil bli stilt økonomisk ansvarlig for eventuelle ødeleggelser.
Ved å oppgradere bibliotekkortet til adgangskort er det nokre enkle reglar du forpliktar deg til å overhalda:
- Kortet er personleg og skal ikkje brukast av andre enn deg.
- Gjeldande lånereglement og ordensreglement skal følgjast.
- Du er ansvarleg for dei du tar med deg inn i lokalet. Av tryggleksgrunnar skal born ikkje vera åleine i lokalet.
- Vis omsyn til andre bibliotekbrukarar, og ta vare på samlinga og inventar. Biblioteket er vår felles eigedom.
- Hald ro og orden.
- Rydd opp etter deg før du forlater biblioteket.
- Gjer deg kjent med brannrutinen. Lokalene må forlates ved brannalarm.
Brot på reglene kan føra til at du mistar tilgang til sjølvbetent bibliotek, og det kan få økonomiske konsekvensar. Hærverk og tjuveri blir politianmeldt.