Bli med på sommarles!Frå 1. juni til 31. august kan alle som går på 1.-7. trinn delta på Sommarles.no.Illustrasjonsbilete sommarles Sommarles Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med. Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan de registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker). Kvar gong det blir registrert lesing, får deltakarane poeng og går etter kvart opp i level. I år er det tida deltakarane har brukt på lesing som gir poeng i Sommarles, framfor sider som tidlegare år. Talet på sider som er lesne vil framleis bli registrert automatisk. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for i år, som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve.For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opna 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Har de ein profil frå i fjor kan denne framleis brukast. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese/lytte og registrere i veg! Vi håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren! Ta gjerne turen innom biblioteket dykkar for å få vite meir. God sommar med Sommarles.no!Her kan ein registrera seg: Hjem – Sommerles.no Sist endra 12.06.2026 11.09
Digitalt nasjonalt lånekort lansert Nasjonalbiblioteket lanserer nå sammen med Bibliotek-Systemer As digitalt nasjonalt lånekort. Publisert 27.03.2020 kl. 14.08
Omtale: Vinter Nokre seier at jula varer heilt til påske og eg vil skynda meg å fortelja om boka «Vinter» av den skotske forfattaren Ali Smith, før påska set inn. Bo... Publisert 18.03.2020 kl. 14.00
Omtale: Heimat - Et tysk familiealbum Ein tankevekkande grafisk roman om korleis vi blir forma av arven frå dei som har levd før oss. Publisert 04.03.2020 kl. 14.05