Bli med på sommarles!Frå 1. juni til 31. august kan alle som går på 1.-7. trinn delta på Sommarles.no.Illustrasjonsbilete sommarles Sommarles Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med. Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan de registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker). Kvar gong det blir registrert lesing, får deltakarane poeng og går etter kvart opp i level. I år er det tida deltakarane har brukt på lesing som gir poeng i Sommarles, framfor sider som tidlegare år. Talet på sider som er lesne vil framleis bli registrert automatisk. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for i år, som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve.For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opna 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Har de ein profil frå i fjor kan denne framleis brukast. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese/lytte og registrere i veg! Vi håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren! Ta gjerne turen innom biblioteket dykkar for å få vite meir. God sommar med Sommarles.no!Her kan ein registrera seg: Hjem – Sommerles.noIllustrasjonsbilete kapittel to.jpg Sommarles.no Illustrasjonsbilete kapitel ein.jpg Sommarles.no Sist endra 23.06.2026 10.59
Omtale: Mørket Likar du islandsk krim? Denne påska kan Ragnar Jónasson bli din nye krimfavoritt. Publisert 21.02.2024 kl. 13.12
Omtale: Det blåøyde riket Er du mett og lei av lesestoff og gamle filmar overfylte av hygge og kos? Kjenner du veksande trong for noko nytt, meiningsfylt og sterkare?Då kan «De... Publisert 20.02.2024 kl. 14.21
Omtale: Vrakeren Då Sund allmugebibliotek vel var kome i gang under kyndig presteleiing, slik for om lag 200 år sidan, då var regelen den at di tjukkare boka var, di l... Publisert 06.11.2023 kl. 09.00
Omtale: Skogen Skogen - om trær, folk og 25 000 andre arter, av Anne Sverdrup-Thygeson. Publisert 17.10.2023 kl. 09.00
Omtale: Fri Lea Ypi er professor i politisk teori og filosofi ved London School of Economics. Ho skriv om oppveksten sin i Albania, og med litterær genialitet avs... Publisert 18.08.2023 kl. 12.07
Omtale: «Mørke år» om Norge og jødene på 1930-tallet 9. april 1940 ligg 83 år bak oss. Det tynnest ut i rekkene av oss som minnest krig og okkupasjon i eige land. Publisert 07.07.2023 kl. 12.13
Omtale: Andre tider Ei perle av ei bok frå skotske Ali Smith. Det er pest og portforbod, både på 1500-talet og i dag. Notid og fortid flettast inn i kvarandre. Publisert 11.04.2023 kl. 12.17
Omtale: Løpe ulv Ulf og Inga bur i dei store svenske skogane. Han er 70 år og slit med eit trøblete hjarte. Ho er den nøkterne rasjonelle som ordnar det meste rundt de... Publisert 17.02.2023 kl. 12.29
Omtale: Kan vi bare late som og Begge Dør Til Sidst (for ungdom) Den siste veka har skuleeleven Noora vore i praksis i biblioteket. Ho fekk ei oppmoding om å skrive bokmeldingar av bøker ho har lese, og den tok ho p... Publisert 11.06.2022 kl. 12.37
Omtale: Vendepunkter Av og til skjer det noko i eit menneskes liv som endrar alt. Det kan vere sjukdom, brotsverk eller hendingar i barndommen, ballast som ein dreg med se... Publisert 07.06.2022 kl. 13.04