Gründerløypa

Vi kallar dette «Gründerløypa» for å gje deg som gründer nokre enkle råd på vegen. Her får du tips til kva du bør tenkja gjennom før du startar eiga verksemd.

Mange startar med ein idé, men er usikre på korleis dei skal gå vidare. Det er heilt vanleg. Heldigvis finst det mange verkemiddel og støttespelarar som kan hjelpa deg og heia deg fram.

Før du les vidare, vil vi tipsa deg om:

  • Øystart
  • Gründeparken Vest

 Les meir her. 

Aktørar som kan gje deg nyttig og god informasjon om det å starta for seg sjølv: 

grunder - Klikk for stort bilete

Altinn
På Altinn finn du god informasjon om alt frå personleg avklaring til forretningsmodell og enkle kalkylar. Her får du mykje nyttig i planleggingsfasen. Altinn - starta bedrift

Skatteetaten
På nettsida til Skatteetaten finn du mykje god informasjon. Til dømes ulike fristar for offentlege avgifter med meir. 

Innovasjon Norge - En Vei Inn:  Enten du er i startfasen, vil veksa eller ønskjer å gå ut i internasjonale marknader, finst det offentlege aktørar som kan hjelpa deg.

Med «Én veg inn» gjer Innovasjon Noreg det enklare og raskare for deg å finna rett støtte. Du slepp å setja deg inn i kva kvar enkelt aktør kan tilby – det gjer dei for deg.

Etablerersenteret:  Øygarden kommune har avtale med Etablerersenteret i Bergen. Der kan du få kurs og rettleiing som gründer, og hjelp i oppstarten av eiga verksemd.

Har du behov for ein Næringsfagleg vurdering, vil du kunne få dette ved å kontakte Innbyggjartorget vårt: Innbyggartenester - Innbyggartorg og bibliotek

Vidare finn du «Gründerløypa». Ho gir deg råd og tips på vegen mot å starta eiga verksemd.

Dei ulike råda passar i ulike fasar, men vi trur du vil ha god nytte av å lesa gjennom heile «Gründerløypa».

Lukke til!

Gründerløypa