Northern Lights

CO₂-lagring i reservoar under Nordsjøen blir ein del av den norske klimaløysinga. Northern Lights operer førebels i ein nisjemarknad. Mottaksanlegget i Øygarden tilbyr sikker lagring av CO₂ frå norske og europeiske industribedrifter.

Illustrasjon an Northern Lights anlegget i Energiparken - Klikk for stort bilete

Fakta

Forretningsområde: CO₂, transport og lagring
Lokasjon: Northern Lights JV byggjer mottaksanlegg for CO₂ i Øygarden. Hovudkontoret er i Stavanger.
Tal tilsette: 30
Nettside: www.norlights.com

Det statsstøtta satsingsprosjektet Northern Lights er eigd av Equinor, Shell og TotalEnergies. Northern Lights er ein del av Langskip-prosjektet, satsinga til regjeringa på CO₂-fangst og lagring. Northern Lights skal hente flytande CO₂ frå fleire lokasjonar på kontinentet og transportere det med skip til Øygarden, der det blir bygt eit mottaksanlegg. Deretter skal CO₂en blir transportert i røyr 100 kilometer ut i Nordsjøen for permanent lagring i eit reservoar 2600 meter under havbotnen.  

–  Alt vi gjer er nytt, sjølv om kvart ledd i verdikjeda isolert sett er teknologisk kjent. Både skipstransport av flytande gass, og CO₂-injisering og lagring er vorte gjort før, men ikkje sett saman på den måten vi gjer det i Northern Lights, fortel Ragni Rørtveit, rådgivar i Northern Lights. 

Heile verda ser til Noreg

Med mål om å vere innovative, dedikerte, pålitelege og opne skal Northern Lights ikkje berre bidra til eit grønare og meir berekraftig næringsliv i Øygarden, men også nasjonalt og internasjonalt. Prosjektet har ein potensiell marknad i store delar av Europa, og vil gjere at næringar som tidlegare ikkje har hatt andre måtar å vere utsleppsfrie på, no kan bli det. Prosjektet har mottatt stor støtte frå regjeringa til mandatet sitt om å tilby bedrifter ei moglegheit til å bli utsleppsfrie. 

– I industriar der det ikkje er mogleg å elektrifisere med fornybar kraft, kan industrien fange CO₂-utsleppa og på den måten bli utsleppsfrie. Dette blir viktig for å bevare industriarbeidsplassar, men òg fordi det er snakk om utslepp ein elles ikkje ville klart å bli kvitt, men som er heilt sentrale for å halde samfunnet i gang. Då tenker eg til dømes på avfallshandtering og sementproduksjon, forklarer Rørtveit. 

Mykje av industrien vi er avhengige av i dag kan ikkje erstattast av vindkraft. Då kan CO₂-fangst og lagring vere heilt avgjerande.  

–  Og då treng vi aktørar som Northern Lights til å gjere jobben, for dette er ein nisjemarknad av dimensjonar, slår ho fast. 

Anleggsområde til Northern Lights i Energiparken - Klikk for stort bilete

Henta vinnarlag frå eigarselskapa 

Alle tilsette i Northern Lights er utlånt frå eigarane Equinor, Shell og TotalEnergies.  

–  Tanken er at vi skal gå tilbake til eigarselskapa våre og dele av det vi har lært.  

Alle dei tre eigarselskapa har CCS-planar som er endå større enn Northern Lights-prosjektet. Dermed blir dette eit læringsprosjekt for heile bransjen. Målet er å få ei grundig forståing for korleis ein kan drive med karbonfangst og lagring på sikt. 

– Vi har tett dialog med det offentlege og har ein tilskotsavtale som inneber at vi får betydeleg støtte til utbygging og drift i første fase. Det inneber at vi skal gi noko tilbake, og sørge for at prosjektet kjem heile det norske samfunnet til gode. 

–  Det er ein marknad ingen kjenner, fordi det ikkje finst

I første omgang har det vore ei investeringsavgjerd på at det skal lagrast 1,5 millionar tonn per år. Dette blir fase ein, som skal vere operativ frå 2024. 

–  Så håpar vi at vi får sikra drifta vidare slik at vi kan gå vidare til fase to, som blir på omtrent fem millionar tonn per år. Det er ei stor auke, understrekar Rørtveit.  

Denne fasen blir kommersiell utan statstøtte. Då er det tilliten frå eigarselskapa som driv selskapet vidare. 

– Vi treng at dei stolar på at vi har eit kundegrunnlag og ein forretningsmodell som lønner seg. Det første skrittet blir å sikre at vi kjem til andre fase, men vi har òg ambisjonar om å vekse vidare utover det. Men dette er ein marknad som ingen kjenner endå, fordi det ikkje finst, så her må vi bygge litt erfaring. Det er ein heil industri som skal formast. 

–  Kva treng de hjelp til? 

–  Vi skal ikkje utvikle CCS i eit vakuum, så vi treng at næringane rundt oss òg tenker på potensialet på lang sikt, og korleis vi kan utvikle ein CCS-industri. Vi ser mange initiativ hos fleire aktørar, spesielt norske selskap som bidrar inn i verdikjeda.