Ho vert næringssjef i Øygarden kommune

Marianne Furheim er tilsett som næringssjef i Øygarden kommune. Ho kjem frå stillinga som dagleg leiar i Straume Mesterbygg AS.
- I Marianne Furheim får vi ein dyktig næringssjef som kjenner både øygardssamfunnet og næringslivet her ute godt, seier kommunedirektør Johnny Breivik.

Marianne Furheim - Klikk for stort bileteMarianne Furheim

Den nye næringssjefen konkurrerte med mange sterke kandidatar. Det meldte seg 17 søkjarar til stillinga. Med brei arbeidserfaring innan bygg og anlegg, har Marianne Furheim engasjert seg i bransjen med verv i organisasjonar som Vest Næringsråd, Bergen Næringsråd og Byggmesterforbundet.

Marianne Furheim (46) ser fram til å jobba med, og for, eit variert og dyktig eksisterande næringsliv saman med alle dei gode kreftene i kommunen.

- Eg gler meg til å bli kjent med kommunen som organisasjon og arbeidsplass. Der vil eg møta mange nye kollegaer. Eg veit at det er mange dyktige tilsette i Øygarden kommune, seier ho.

Ho seier at det vert spennande og viktig å marknadsføra kommunen mot potensielle nye næringsaktørar og visa alt ein får til og om moglegheitene som ligg her.

- Og ikkje minst ser eg fram til å jobba med Framtidssamfunnet for å løysa morgondagens utfordringar. Det er eit spennande prosjekt som vil setja kommunen og involverte krefter på kartet, seier Marianne Furheim som tek til i stillinga 1. oktober.

Kommunedirektør Johnny Breivik seier at den nytilsette næringssjefen har god kunnskap og forståing for det viktige skjeringspunktet mellom næring og tenestene i kommunen innan areal, plan og byggesaker. 

- Vi er stolte av at Marianne ønskjer å bidra i utviklinga av både kommuneverksemda og øygardssamfunnet og ser fram til å få henne på laget, seier kommunedirektøren.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat