Avtale om storprosjekt som fangar CO2 frå lufta

CCB Energy har i dag (7. september) inngått ein intensjonsavtale med Carbon Removal om å etablera eit storskala anlegg for fangst av CO2 direkte frå lufta. Fangstanlegget vert etablert i Energiparken som er eigd av Øygarden kommune og CCB Energy.

Frå venstre; Ronny Haufe, Eirik Lilledahl og Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Ronny Haufe, Eirik Lilledahl og Tom Georg Indrevik. Hanne Misje Lokøy


Fangstanlegget vert det første i sitt slag i Noreg i stor skala og vil verta eitt av dei største i verda når det er etablert.

Anlegget som gjerne vert kalla «direct air capture» eller DAC-anlegg, vil ha kapasitet til å fanga 500 tusen tonn CO2 årleg. Karbonet skal leverast til Northern Lights JV og transporterast i røyr og lagrast underhavbotnen. Dermed vert CO2 flytta frå atmosfæren tilbake der det kom frå.

Ordførar Tom Georg Indrevik er svært stolt over at Øygarden er ein føregangskommune for etablering av grøn industri. Fangst av CO2 gjev eit negativt karbonutslepp, og dette vil spela ei viktig rolle både i regional, nasjonal og internasjonal samanheng, seier han.

Administrerande direktør i CCB Energy, Ronny Haufe, seier at for CCB Energy er dette endå ein milepåle i Energiparken, der selskapet kontinuerleg jobbar for å oppnå etablering av klimavennlege, berekraftige og karbonreduserande næringar.

- Etableringar som dette vil vera viktige i kampen for klimaet, men også for å gje omstilling til nye, framtidsretta arbeidsplassar lokalt i Øygarden, seier Haufe.

Administrerande direktør i Carbon Removal, Eirik Lilledahl, seier at selskapet er svært glad for det gode samarbeidet med CCB Energy og Øygarden kommune for å etablera eit storskala anlegg for direktefangst frå luft i Energiparken.

Etter planen anleggsarbeidet starta i 2025 og vera klar til drift i løpet av 2027. Anlegget kan gje mellom 50 og 100 varige arbeidsplassar. Investeringskostnaden kan verta rundt eín milliard dollar.