Om oss

Liljevatnet barnehage er ein kommunal barnehage som held til i Knarrevik, i lokale til tidlegare Liljevatnet skule. Lokalet er ombygd og tilpassa til framtidsretta barnehagedrift, og utgjer 6 avdelingar. Den har kapasitet til å driftast med 108 barn, 3 avdelingar med 24 barn i alderen 3-6 år, og 3 avdelingar med 12 barn i alderen 1-3 år.

Liljevatnet barnehage - Klikk for stort bilete

Liljevatnet barnehage er ein avdelingsbarnehage med store, lyse, lokale, tilpassa moderne barnehagedrift. Samansetjinga og gruppestorleiken kan variere frå år til år, men det er til ein kvar tid to eller tre avdelingar for barn mellom 0-3år.  

Barnehagen har gode og varierte uteområde med ulike tilrettelagte leikeareal og eit spanande naturområde. Den har eigen ballbinge, og eit skjerma uteområde for dei minste barna. 

Liljevatnet har gymsal /scene der barna får utfalde seg, og gode personalrom / arbeidsrom for personalet. Kulturskulen er lokalisert i 2. høgda i same bygget og barnehagen og kulturskulen har eit tett samarbeid om kunst-, kultur, og musikkaktivitetar i barnegruppene.

Delar av bygget utanom barnehagelokalet har funksjon som nærmiljøanlegg med aktivitetar på kveldstid.

Satsingsområda til barnehagen vil fokusere på

Vi har forventningar til vårt personale om å vera i stadig utvikling, både fagleg og personleg. Vi har eit personale som i kvardagen bidrar til å skape ein barnehage i stadig utvikling og som er med på å gje positivt innhald til vår visjon: VI SET VARIGE SPOR.

Ut på tur

Ein dag kvar veke har avdelingane som mål å gå på tur i nærområdet; «Hakkebakkeskogen», Arefjordskogen, «Edderkopphulen», «Torskafjellet», «Bratteskogen», samt ein leikeplass på Tonafjellet. Personalet nytter dei ulike stadene for leik og læring, og knytter dette til det pedagogiske innhaldet og fagområdene i rammeplanen.