Kystkultur

Leirstaden barnehage er ein kulturbarnehage, som har hatt mange ulike kulturprosjekt, der samarbeid og fellesskap står i fokus.

Dette barnehageåret har barnehagen valgt å fordjupe seg i temaet «kystkultur». Med tida vi lever i, der det er mykje fokus på berekraft, samt utbygging av Sotrasambandet, ynskjer barnehagen å sette fokus på det som rører seg på øya vår. 

Avdelingane arbeider med prosjektet på ulike måtar, der ein er innom både arbeid på oljeplattform, vegarbeid, livet i havet og i fjæra og dyra på bondegarden. Her får barna erfaringar både med ulike formingsmaterialer, smake på mat frå hav og gard og ikkje minst bli kjend med ulike instrument og songar om både sjø, gard og vegar. 

Syngande barnehage

Logo Syngende kommune - Klikk for stort bilete

Barnehagen er også ein del av syngande barnehage, der personalet har gjennomført fleire kurs gjennom kulturskulen. Her har fokus vore bruk av ulilke instrument, song, rim og reglar. I tillegg er det kvar fredag besøk av dansepedagog, som har eit eige opplegg med dei eldste barna i barnehagen. 

Framtidshavet

Leirstaden barnehage har i mange år arbeidd humanitært prosjekt. Dette ønska vi og å gjere dette barnehageåret, men vi ønska å støtte noko meir lokalt og direkte knytt mot prosjektt vårt. I haust tok barnehagen difor kontakt med Kenneth Bruvik og «Framtidshavet» for å rette fokus på berekraft og plast i havet. Vi håpar på å få til ein ryddeaksjon eller eit foredrag saman med «Framtidshavet» i barnehagen. 

Prosjektet vårt skal ende i ein torgdag i sommar, der alle føresette inviterast inn i barnehagen for å ta del i arbeidet barnehagen har gjort dette året, med boder av ulike slag. Produkta barna har laga i prosjektet, seljast til dei føresette for valgfri sum, der pengane som kjem inn går til å støtte «Framtidshavet» og deira arbeid. 

Fotogalleri