Søkja, endra eller seia opp SFO-plass

Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod før og etter skuletid for elevar frå 1. til 4. klasse og for elevar med særskilte behov frå 1. til 7. klasse.

Har du barn med særskilde behov i 5.–7. klasse?
Tilbodet til denne gruppa er gratis dersom eleven har ei sakkyndig uttale som viser at det er til beste for eleven å ha SFO‑plass. Kommunen kan likevel krevja betaling for kost.

Søknad om SFO-plass

Søknadsfristen for hovudinntak til skuleåret 2026–2027 er 15. mai.
Du kan likevel søkja om SFO-plass for barnet ditt heile året.
Du søkjer om SFO-plass i Vigilo foreldreportal under menypunktet Søknader.
Du må svara på tilbodet om SFO-plass i Vigilo foreldreportal før plassen er endeleg tildelt.

Søk SFO-plass i Vigilo foreldreportal

Oppseiing og endring av SFO-plass

Frist for oppseiing/endring av plass er den 15. i kvar månad. Ved oppseiing eller endring av plass etter 15. april, må ein betale for SFO-plassen ut skuleåret.

Seier ein opp før 15., betaler ein til og med 14. i neste månad.
Seier ein opp etter 15., betaler ein til og med 14. i månaden etter der igjen (nesten 2 månader etterpå).

Du søkjer om endring eller oppseiing av SFO-plass i Vigilo foreldreportal, under menypunktet Søknader.

Endring eller oppseiing av SFO-plass i Vigilo foreldreportal

Opningstid

Ordinær SFO er open alle skuledagar.
Vanleg opningstid er før og etter skuletid, frå kl. 07.00 (07.30) til 16.30.
SFO har felles planleggingsdagar med skulen. Sjå oversikt over planleggingsdagar her

Ferie-SFO

Her finn du informasjon, pris og søknadsskjema for ferie-SFO

Søknadsfristen er, i samsvar med forskrifta, fire veker før den aktuelle ferien.

Betaling for SFO-plass

Satsane for skulefritidsordninga vart auka med 7,5% frå og med 1. januar 2026.

Prisar per månad for SFO-plass

SFO
Type plassAntall timarOpphaldstidPrisar 1. til og med 3. trinnPrisar 4. trinn
Kjernetid (12 timar)0
Ordinær heil plass4,5Kl 07.00-16.3015053225
Redusert plass - Etter skuletid3Til kl 16.304502260
Dagplass390390
Enkelttimar9595
Mellombels plass (per veke)930930
Ferie-SFO8051075
For sein henting, per påbegynte halvtime345345

Søskenmoderasjon

  • Barn nr 2 - 30 %
  • Barn nr 3 og oppover - 50 %

NB! Gratisplass for barn med særskilte behov i 5. – 7. trinn, gir ikkje søskenmoderasjon for yngre søsken.

Prisar for SFO-plass - 1., 2. og 3. klassingar

Frå skulestart hausten 2024 får også barn på 3. trinn gratis SFO i 12 timar kvar veke.
Det betyr at elevar i 1., 2. og 3. klasse som har deltidsplass på inntil 12 timar i veka, får denne gratis.
Prisen for heiltidsplass vert samtidig lågare.