Kommunen legg ferietilbodet i sommar‑, haust‑ og vinterferien til enkelte skular etter behov.
Spesialavdelinga ved Hjelteryggen skule har eige ferietilbod.
Tilbodet er ope for barn med særskilde behov frå alle skulekrinsar i kommunen.
Oversikt over skular som tilbyr ferie-SFO
- Bjorøy skule
- Brattholmen skule
- Foldnes skule
- Rong skule
- Spildepollen skule
- Ågotnes skule
- Hjelteryggen skule (spesialavdelinga - for barn med spesielle behov)
Etter skulestart hausten 2026 vil også desse skulane tilby ferie‑SFO:
- Kolltveit skule
- Ulveset skule
- Skogsvåg skule
Søk ferie-SFO
Du søkjer ferie-SFO i Vigilo foreldreportal under menypunket Søknadar.
Påmelding ferie-SFO i Vigilo foreldreportal
Søknadsfrist er 15. april for sommarferie-SFO
NB! Påmeldinga er bindande.
Opningstid
Ferie‑SFO er open frå kl. 07.30 til 16.30.
Vi kan ha kortare opningstid dersom søkjarbehovet tilseier det.
Ferie SFO - Tilbod for 2026
Ferie og fridagar for grunnskulane
Her finn du oversikt over ferie og fridagar for grunnskulane
Pris og betaling 2026
Prisen per veke for ferie‑SFO er 1 075 kr.
For elevar på 1.–3. trinn er prisen 805 kr per veke.
Elevar på 1.–3. trinn har rett til 12 timar gratis SFO også i ferie‑SFO, og prisen er justert i tråd med dette.
Det er ikkje søskenmoderasjon i ferie‑SFO.