Stor stas med Halloween disco på skulen

Tusen takk til FAU som arrangerte Halloween disco for alle elevane våre!

Halloween disko ved Landro skule - Klikk for stort bilete

Torsdag 27. oktober var det pynta med skumle effektar og klart for Halloween disco i gymsalen. Kreativiteten var stor med tanke på kostyme. Det var flott at FAU oppfordra til gjenbruk med å lage seg sitt eige kostyme, bytte med ein ven eller bruke noko ein hadde frå før. Elevane har rapportert om god stemning og eit vellukka arrangement.

Landro skule vart pynta med skumle effektar til Halloween-disko - Klikk for stort bilete