Invitasjon til temakveld "Kan eg tole eit nei?" og klasseforeldremøte tysdag 26.09

​​​​​​​

 

 

 

 

 

  • 1.-4. trinn: klokka 17:30 i gymsalen og klokka 18:30 på klasserommet
  • 5.-7. trinn: klokka 17:30 på klasserommet og klokka 18:30 i gymsalen

Vi inviterer føresette til temakveld med tittelen «Kan eg tole eit nei?» Temakvelden blir kombinert med klasseforeldremøte på klasseromma.

1.-4. trinn startar med temakveld i gymsalen, og går deretter på klasseromma. Så blir det motsett for 5.-7. trinn.

Innhaldet på temakvelden blir det same for alle trinna. Det vil bli orientert om litt av kvart frå skulen si side, samt at vi vil ha fokus på temaet trygg grensesetting – «kan eg tole eit nei?»

Håpar mange vil prioritere denne kvelden saman med oss på Landro skule!