God jul frå alle oss på Landro skule

Då var siste skuledag før jul over, og velfortent juleferie står for tur for små og store.

Det har vore ein flott desember her på Landro skule. Mykje kreativitet, aktivitet, læring og glede. Tradisjonen tru starta desember med opning av julegata vår i skogen.  

Dei siste vekene har det vore juleavslutningar i ulike formar på huset, storsamling, klassevis eller trinnvis.  Ein fullsett gymsal av stolte føresette, fekk høyre flott korsang frå 1.-4. trinn. Det har også vore gjennomført to fine julegudstenester, og i går hadde vi besøk av Sotra Vest/Ulveset skulekorps i gymsalen.

I dag har elevane våre vore så heldige å få besøk av flotte FAU-nissar. Det vart sett stor pris på!

Vi vil med dette få ynskje alle elevane våre, med familie, ei riktig god julehøgtid!

Første skuledag på nyåret blir tysdag 02.01.24.