Det har vore ein flott desember her på Landro skule. Mykje kreativitet, aktivitet, læring og glede. Tradisjonen tru var det opning av julegata i skogen vår første dagen i desember. 5.-7. har hatt sine juleavslutningar klassevis eller trinnvis, og det blir meldt om vellukka arrangement både innomhus og utomhus.
Det var veldig kjekt å kunne ha storsamling i gymsalen igjen, det har vi savna! Ein fullsett gymsal av stolte føresette, fekk høyre flott korsang frå 1.-4. trinn. Det har også vore gjennomført to fine julegudstenester, og nest siste skuledag hadde vi besøk av Sotra Vest Ulveset skulekorps og konsert i gymsalen.
Vi vil med dette få ynskje alle elevane våre, med familie, ei riktig god julefeiring!
Første skuledag på nyåret blir tysdag 03.01.23.