Dans på Landro SFO

SFO har hatt besøk av Erika Kroken og Malgorzata Osypinska frå Øygarden kulturskule, med kulturkarusellen. Dei har vore her 10 torsdagar, med fokus på dans. Det har vore eit frivillig tilbod for elevar frå 2. til 4.trinn.

I ti veker har 30 elevar fått gleda av å lære seg nye dansar i SFO-tida. - Klikk for stort bileteI ti veker har 30 elevar fått gleda av å lære seg nye dansar i SFO-tida.

Borna har fryda seg over dette tilbodet, og det har vore smil og danseglede. Dei har lært nye dansar som; robotdansen, elektrisk, juledans, Jig frå Skottland og Per Sjuspring. Det var oppvisning den 1. desember for heile SFO. Kjekt for publikum å sjå kva dei har øvd på desse torsdagene. Erika og Malgorzata synest det har vore kjekt å vere saman med flinke born på Landro SFO.

Danseoppvisning på Landro skule - Klikk for stort bilete Danseoppvisning på Landro skule - Klikk for stort bilete