Bingokveld i regi av FAU

Den 23. november vart det arrangert bingo i regi av FAU Landro skule, til inntekt for glade barn på skulen.

Flinke foreldre og føresette stilte opp som vakter, bakarar og bingovert, for at kvelden skulle bli vellykka. Gymsalen vart fylt opp av bingo-glade barn og vaksne, og det var god stemning då vår eminente bingovert annonserte talet 11 - i kjent stil. Tusen takk til alle som deltok, og til dei som var med på gjere kvelden til ein suksess!