Batterijakten 2023 - 4. trinn er flotte miljøagentar!

Vi let oss imponere over innsatsen til 4. trinn i Batterijakten 2023. Batterijakten er ein klassekonkurranse for 4. klassar frå heile landet, arrangert av Miljøagentane.

Konkurransen går ut på å samle inn brukte batteri til attvinning, samstundes som elevane lærer om attvinning, ressursbruk og korleis  vi kan ta betre vare på planeten vår. Engasjementet har vore stort, og elevane i 4A og 4B har samla inn hundrevis av kilo med brukte batteri. Elevane har vore kreative når dei har jobba med temaet, og resultatet av det er at dei blant anna har laga ein "batteri panterobot". Ein god og framtidsretta idè!