Undervisning
Undervisninga vil legga vekt på danseglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også på teori og ulike danseteknikkar/trinn. Vi skal jobbe både med koreograferte og improviserte stykker.
Elevane skal bli kjent med prinsipp for jazzdans og moderne dans, og med element av andre danseteknikkar som er felles for begge stilane. Dei skal utvikle kropps- og plassforståing, lære om grunnleggande metodar for å uttrykke seg med rørsle og søke å auke sine kreative evner. 
Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.
Praktisk info
Det er viktig at du har gode klede og sko til å dansa i. Læraren din vil fortelja deg kva som passar best.
Dans kan du starta på det året du starter i skulen. 
Pris
På dans er det fleirfagsrabatt.
Du som elev kan gå på 2 grupper utan å betala eigenandel for kvar gruppe.
Du betaler dermed same eigenandel om du går på 1 eller 2 grupper.
NB: Dette gjeld ikkje fordjupningsøkta. Her er det eigenandel.
På framsida på heimesida ligg info om pris og betaling.
Tid | Stad
Rong kulturhus
                    
                Tid: Onsdag kl. 16.00 - 16.45
Stad: Rong kulturhus - storsalen
For deg som ikkje har dansetrening/erfaring frå før.
Tid: Onsdag kl. 16.45 - 17.30
Stad: Rong kulturhus - storsalen.
For deg som har litt danseerfaring frå før, gått på dans tidlegare (ikkje nødvendigvis i Øygarden kulturskule).
Dersom du ikkje har danseerfaring, tilrår vi at du går på Gruppe 1. - 3. trinn.
 
Tid: Fredag kl. 16.00 - 17.30 
Stad: Rong kulturhus - storsalen
For alle som går på Teknikk 1 og Teknikk 2. 
Desse har dermed 2 oppmøter i veka (NB: Dei betaler ikkje dobbelt).
 
Tid: Tysdag kl. 16.00 - 17.15
Stad: Rong kulturhus - storsalen.
For deg som har ein del/mykje danseerfaring frå før.
Tid: Tysdag kl. 17.15 - 18.30
Stad: Rong kulturhus - storsalen.
For deg som har ingen/lite danseerfaring frå før.
Tid: Onsdag kl. 14.30 - 16.00
Stad: Rong kulturhus - storsalen
Kun etter avtale med lærar.
Fleirfagsrabatt gjeld ikkje for denne gruppa. Her er det separat eigenandel. Sjå info om pris og betaling.
Dans i SFO (halvårskurs)
Søk om plass