Song

Song er kanskje det ein tenker på først og fremst, når ein høyrer ordet musikk. Synge gjer vi alle menneske, frå vi er fødd, og alle kulturar over heile verda har eit forhold til song som instrument.

Som songelev vil du læra å utvikla denne evna.

Undervisning

Undervisninga vil legga vekt på songglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også på teori, notelære, songteknikk og ulike stilartar/sjangrar. Ein kan synga moderne musikk, pop og rock, visesang, klassisk musikk, og folkemusikk.

Øving

Det er viktig at du har høve til å øva heime.

Lærebok

Læraren din vil fortelja deg kva lærebok du bør kjøpa.

Undervisningsstader

Songundervisning får du på fleire stader i kommunen:

  • Tjeldstø
  • Rong
  • Liljevatnet
  • Fjell ungdomsskule
  • Stranda skule

Songundervisning

  • Individuell songundervisning passar best for elevar frå 5. trinn
  • Vi tilrår at yngre elevar får songopplæring i kor
  • Øygarden kulturskulekor har tilbod frå og med 2. trinn

Søk om plass

Åshild Eriksen
Lærar
E-post
Mobil 97 51 69 20
Sandra Michelsen
Lærar
E-post
Mobil 90 91 83 03