Undervisning
Undervisninga vil legga vekt på songglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også på teori, notelære, songteknikk og ulike stilartar/sjangrar. Ein kan synga moderne musikk, pop og rock, visesang, klassisk musikk, og folkemusikk.
Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.
Praktisk info
Det er viktig at du har høve til å øva heime. Læraren din vil fortelja deg kva lærebok du bør kjøpa.
Individuell songundervisning passar best for elevar frå 5. trinn.
Vi tilrår at yngre elevar får songopplæring i kor
Øygarden kulturskulekor har tilbod frå og med 1. trinn
Undervisningsstader | Tid
Songundervisning får du på fleire stader i kommunen:
- Ågotnes skule
- Rong kulturhus
- Liljevatnet
- Skogsvåg skule
- Stranda skule
- Tranevågen ungdomsskule
Undervisninga foregår i hovudsak etter skuletid, på ettermiddag og kveld. Der undervisninga ikkje er organisert i bestemte grupper, vert elevar tildelt elevplass etter melding frå administrasjonen eller etter avtale med lærar.
Søk om plass