Slagverk

Slagverk er ein stor «familie» av mange spennande instrument.

Både trommer/trommesett og mindre instrument, men også melodiske instrument, som t.d. xylofon, vibrafon og pauker. Som elev vil du bli kjent med alle saman. Det er viktig at du som elev har noko å øva på heime. Dei fleste føretrekker å ha eit trommesett heime.

Her finst det mange typer trommesett å velja mellom, til ulik pris og med ulik storleik. Det finst både akustisk og elektrisk trommesett.

Snakk med læraren din om kva som kan passa for deg. Læraren din vil fortelja deg kva lærebøker du bør kjøpa.

Dette instrumentet kan du få undervisning på frå det året du er 7 år.

Søk om plass

Slagverk - Klikk for stort bilete
Marcus Davidson
Lærar
E-post
Mobil 45 13 41 73