Camilla Norderud
Privat
Produksjon og låtskriving handlar om korleis eit musikkstykke/låt blir til, frå idé til framsyning eller innspeling, via idemyldring, arbeid med tekst og melodi, til instrumentering, opptaksteknikk og lydteknikk.
Undervisning
Vi jobbar med heile prosessen bak ei låt – frå den første idéen til eit ferdig lydopptak. Elevane får læra om låtstruktur og form, korleis finna inspirasjon, skriva tekst og melodi, og korleis ein kan produsera eit enkel opptak av låten sin.
Vi vil også jobba med samarbeid, lytting, tilbakemeldingar og framføring av låter i eit trygt og kreativt miljø.
Tilbodet passar for alle som vil læra å skriva eigne låter. Det er ingen krav om at du må kunna synga eller framføra musikken sjølv.
Fokuset er på å utvikle idéar, laga melodiar og tekster, og forstå korleis ei låt er bygd opp.
Her får du møta andre barn og unge som også vil laga musikk, utvikla vennskap, og saman utforska gleden ved å skape eigne låter.
Praktisk info
Tilbodet er frå hausten 2026 eit ordinært kulturskuletilbod.
Kurset er retta mot born og unge i alderen 8 - 25 år.
Tid | Stad
Liljevatnet, rom 226 - Arietta.
Mandagar kl 18.00 - 19.30.
Lærar
Lærar er Camilla Norderud, som under artistnamnet Camilla North, har lang erfaring med låtproduksjon.
Ho har produsert musikk både for seg sjølv og for andre, mellom annan til Melodi Grand Prix (Eurovision Song Contest), og fleire av hennar låter har vore lista høgt på fleire spelelister.
Pris
Tilbodet har vanleg eigenandel, p.t. kr. 1900,- kr.
Påmelding her