Keyboard

Keyboard kan enklast omsetjast til norsk som tangentinstrument, og vert mest brukt om alle tangentinstrument ein spelar i band (el-piano, synthesizer, orgel), i motsetnad til klassisk piano.

Undervisning

Undervisninga vil legga vekt på speleglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også på teori, notelære, besifring, speleteknikk og ulike stilartar/sjangrar. Keyboardundervisning vil likna mykje på pianoundervisning, sidan mesteparten av speleteknikk og teori er felles.

 

Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.

Praktisk info

Det er viktig at du har høve til å øva heime. Det er eit krav at eleven har mulighet til å førebu seg til kvar undervisningstime. Sjå også elevreglemetet.

Læraren din vil fortelja deg kva lærebok du bør kjøpa.

Dette instrumentet kan du få undervisning på frå og med det året du fyller 8 år.

Av erfaring er det noko lang venteliste på dette instrumentet.

Undervisningsstader | Tid

Kayboardundervisning får du på fleire stader i kommunen:

  • Liljevatnet
  • Rong kulturhus
  • Ågotnes skule
  • Stranda skule
  • Kolltveit skule
  • Skogsvåg skule
  • Tranevågen ungdomsskule
  •  

Undervisninga foregår i hovudsak etter skuletid, på ettermiddag og kveld. Der undervisninga ikkje er organisert i bestemte grupper, vert elevar tildelt elevplass etter melding frå administrasjonen eller etter avtale med lærar.

Søk om plass

Camilla Norderud
Lærar
E-post
Marcus Davidson
Lærar
E-post
Sandra Michelsen
E-post