Undervisning
Undervisninga vil legga vekt på songglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også på teori, notelære, tabulatur, besifringsspel, speleteknikk og ulike stilartar/sjangrar.
El-bass har ein annan speleteknikk enn vanleg gitar, som ein kan ta frå starten av eller gå over til etter å ha spela vanleg gitar først.
Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.
Praktisk info
Det er ein fordel at du som elev har ein bassgitar å øve på heime, og det er eit krav at eleven har mulighet til å førebu seg til kvar undervisningstime. Sjå også elevreglemetet. Snakk gjerne med lærar om kva instrument som passar for deg.
Du kan spele bassgitar i kulturskulen frå det året du er 8 år.
Undervisningsstader | Tid
Vi har bassgitarundervisning på:
- Liljevatnet
- Fjell ungdomsskule
- Aktivitetssenteret i Skogsvåg
- Sund Ungdomsskule
- Tranevågen ungdomsskule
- Kolltveit skule
Undervisninga foregår i hovudsak etter skuletid, på ettermiddag og kveld. Der undervisninga ikkje er organisert i bestemte grupper, vert elevar tildelt elevplass etter melding frå administrasjonen eller etter avtale med lærar.
Søk om plass