Undervisning
Undervisninga vil legga vekt på speleglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også på teori, notelære, speleteknikk og ulike stilartar/sjangrar. Du lærer grunnleggjande fiolinspel, og undervisninga vert tilrettelagt etter eleven sitt behov.
Som fiolinelev får du også tilbod om å delta på samspelprosjekt med andre elevar i Øygarden og i Askøy kulturskole.
Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.
Praktisk info
Det er viktig at du har høve til å øva heime.
Øv jamnleg, det gir aller best resultat.
Eleven må ha eige instrument. Snakk med læraren din om rett storleik. Vi har instrument til utleige på kulturskulen.
Læraren din vil fortelja deg kva lærebok du bør kjøpa.
Dette instrumentet kan du få undervisning på frå og med det året du fyller 6 år.
Foreldre vert oppmoda til å følgja undervisninga, og til å minna borna på øving, hugsa instrument og lærestoff. Skriv gjerne namn på læreboka og anna læremateriell:)
Undervisningsstader
Fiolinundervisning får du på fleire stader i kommunen:
- Frihuset på Ågotnes
- Liljevatnet
Søk om plass
