Bratsj

Bratsj er eit strykeinstrument, og "storebror" til fiolinen.

I eit symfoniorkester er bratsj eit viktig instrument. Bratsj vert også brukt i kammermusikk (kvartett/kvintett). Dette instrumentet kan du få undervisning på frå og med det året du fyller 7 år.

Du lærer grunnleggjande bratsjspel, og undervisninga vert tilrettelagt etter eleven sine behov. Speleglede, meistring og trivsel er i fokus, med ønske om at du skal lære deg nye ferdigheiter på instrumentet, og i tillegg bli glad i musikk.

Utanom ordinær undervisning arrangerer kulturskulen konsertar. Deltaking på konsert er ein viktig del av læringsprosessen. Vi gler oss til å bli kjent med deg!

Eleven må ha eige instrument. Snakk med læraren din om rett storleik. Du treng og ei lærebok for Bratsj. 

Søk plass her

Jennifer Turner
Lærar
E-post