Undervisning
Undervisninga vil legga vekt på speleglede, formidling (kva historie vil du fortelja), men også på teori, notelære, speleteknikk og ulike stilartar/sjangrar. Du lærer grunnleggjande fløytespel, og undervisninga vert tilrettelagt etter eleven sitt behov.
Framsyning på konsertar og forestillingar er ein del av undervisninga, og vi ønsker at flest mogleg av elevane opptrer kvart skuleår.
Praktisk info
Det er viktig at du har høve til å øva heime. Eleven må ha eige instrument. Snakk med læraren din om rett storleik.
Læraren din vil fortelja deg kva lærebok du bør kjøpa.
Dette instrumentet kan du få undervisning på frå og med det året du fyller 8 år.
Undervisningsstader | Tid
Tverrfløyteundervisning får du på Liljevatnet
Undervisninga foregår i hovudsak etter skuletid, på ettermiddag og kveld. Der undervisninga ikkje er organisert i bestemte grupper, vert elevar tildelt elevplass etter melding frå administrasjonen eller etter avtale med lærar.
Søk om plass
