Musikkbarnehage 2 - 5 år

Dette er eit variert musikktilbod for barn i barnehagealder. 

Undervisning

Undervisninga vil legga vekt på speleglede, og at borna skal bli kjent med og glad i musikk., Vi er innom Songar, regler, dans, trommer og andre instrument. Her er det noko for alle, tilrettelagt etter alder og modning.

Vi håper dette vert med på å stimulera til gleda over musikk, og at det kan skapa grunnlag for framtidig kulturdeltaking.

Praktisk info

Vi ønsker gjerne at foreldre/føresette er ein del av undervisninga saman med sine born. De kan gjerne ha småsøsken med, men det er borna som deltek i undervisninga som skal ha fokus i denne musikkstunda.

Dette er eit variert musikktilbod for barn i barnehagealder. Er det nok søkarar, deler vi i aldersbestemte grupper. Meld barnet på til 2–5 år, så finn vi den gruppa som passar best.

Tid | Stad

Tid: Torsdag kl. 17.15 - 18.00
Stad: Liljevatnet, Allegretto (rom 230)

Søk om plass

Elena Kramaridis
Lærar
E-post
Åshild Eriksen
Lærar
E-post