KunstLab på Frihuset

Øygarden kulturskule inviterer til nytt KunstLab for barn og ungdommar på Frihuset på Ågotnes (Hamramyrvegen, like ved Ågotnes skule).

Merk at vi utvider aldersinndelinga og endrar dermed litt på gruppene, 3.-5. trinn og 6.-8. trinn.

Vi utforsker kunst gjennom ulike materialer og teknikkar. Kvar veke byr på nye utfordringar, kreative oppgåver, og masse skaparglede.

Kurset foregår på tysdagar.

Vi skal jobba med plastilina, leire, kartong/papp, mala med akvarell, fluid art (flytande maling), og mykje anna.

Frå hausten 2026 er dette eit ordinært kulturskuletilbod.

Gruppene må ha minst 4 elevar for å starta, og maks gruppestorleik er 16 deltakarar. Dette på grunn av plass.

Lærarar

Lærarar på faget er Maryna Karunyk og Kostyantyn Karunyk.

Pris

Det er ordinær eigenandel for dette faget, p.t. kr 1900,- pr halvår.

Påmelding her.

KunstLab på Frihuset - Klikk for stort bilete
KunstLab på Frihuset - Klikk for stort bilete
KunstLab på Frihuset - Klikk for stort bilete
KunstLab på Frihuset - Klikk for stort bilete