KunstLab på Frihuset

Øygarden kulturskule inviterer våren 2026 på nytt KunstLab for barn og ungdommar på Frihuset på Ågotnes (Hamramyrvegen, like ved Ågotnes skule).

Merk at vi utvider aldersinndelinga og endrar dermed litt på gruppene, 3.-5. trinn og 6.-8. trinn.

Kurset er ikkje gratis. Pris står nedst.

Vi utforsker kunst gjennom ulike materialer og teknikkar. Kvar veke byr på nye utfordringar, kreative oppgåver, og masse skaparglede.

Kurset foregår på tysdagar.

Vi skal jobba med plastilina, leire, kartong/papp, mala med akvarell, fluid art (flytande maling), og mykje anna.

Dette kurset er eit halvtårskurs, og er avsluttande etter endt kursrekke. Det er ikkje mogleg å re-registrera seg til neste halvtårskurs, men det er mogleg å søka på nytt.

Gruppene må ha minst 4 elevar for å starta, og maks gruppestorleik er 16 deltakarar. Dette på grunn av plass.

Lærarar

Lærarar på faget er Maryna Karunyk og Kostyantyn Karunyk.

Pris

Eigenandel for kurset er på 1800,- kr.

Påmelding her.

KunstLab på Frihuset - Klikk for stort bilete
KunstLab på Frihuset - Klikk for stort bilete
KunstLab på Frihuset - Klikk for stort bilete
KunstLab på Frihuset - Klikk for stort bilete