Camilla Norderud
Privat
Produksjon og låtskriving handlar om korleis eit musikkstykke/låt blir til, frå idé til framsyning eller innspeling, via idemyldring, arbeid med tekst og melodi, til instrumentering, opptaksteknikk og lydteknikk.
Undervisning
På kurset jobbar vi med heile prosessen bak ei låt – frå den første idéen til eit ferdig lydopptak. Elevane får læra om låtstruktur og form, korleis finna inspirasjon, skriva tekst og melodi, og korleis ein kan produsera eit enkel opptak av låten sin.
Vi vil også jobba med samarbeid, lytting, tilbakemeldingar og framføring av låter i eit trygt og kreativt miljø.
Kurset passar for alle som vil læra å skriva eigne låter. Det er ingen krav om at du må kunna synga eller framføra musikken sjølv.
Fokuset er på å utvikle idéar, laga melodiar og tekster, og forstå korleis ei låt er bygd opp.
Her får du møta andre barn og unge som også vil laga musikk, utvikla vennskap, og saman utforska gleden ved å skape eigne låter.
Praktisk info
Kurset er organisert som kortkurs, og det er ikkje mogleg å re-registrera seg på dette kurset.
Det er ikkje ein føresetnad at du går i kulturskulen frå før.
Kurset er retta mot born og unge i alderen 8 - 25 år.
Tid | Stad
Liljevatnet, rom 226 - Arietta.
Mandagar kl 18.00 - 19.30.
Oppstart er 13. april og siste kursdag er 15. juni.
Lærar
Lærar er Camilla Norderud, som under artistnamnet Camilla North, har lang erfaring med låtproduksjon.
Ho har produsert musikk både for seg sjølv og for andre, mellom annan til Melodi Grand Prix (Eurovision Song Contest), og fleire av hennar låter har vore lista høgt på fleire spelelister.
Pris
Kurset er gratis våren 2026.
Påmelding her