Overgang frå heim til barnehage/skule, faglege vanskar eller at barn og unge ikkje har det bra heime, kan óg vera årsaker til fråvær frå barnehage eller skule.
Om du som føresett er uroleg for at barnet ditt eller ungdommen din ikkje har det trygt og godt i barnehagen eller på skulen, ta kontakt med barnehagen eller skulen så raskt det lar seg gjera. Å forsøka å forstå dette saman på eit tidleg tidspunkt, gjer det lettare å komma i posisjon for å hjelpa.
For skulane i Øygarden kommune er det laga ein Handlingsplan mot bekymringsfullt skulefråvær.

TRYGG I FELLESSKAP har vore Øygarden kommune sitt førebyggande og avdekkande arbeid mot mobbing og krenking. I dag kallar vi dette arbeidet “Trygt og godt i barnehage og skule” (TOG). Handlingsplan mot bekymringsfullt fråvær og samhandlingsmodellen Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) er også ein del av TOG.
Målsetjinga til TOG er betre tverrfagleg samarbeid samt å førebyggja og redusera omfanget av mobbing. Det er viktig å sikra at mobbing vert avdekt og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge.
Å kjenna barnehagemiljøet trygt og godt er ein rett alle barn i Øygarden kommune har. I Barnehagelova §41 står dette: «Barnehagen skal forebygge tilfeller hvor barn ikke har et trygt og godt barnehagemiljø ved å arbeide kontinuerlig for å fremme helsen, trivselen, leken og læringen til barna».
Å kjenne skulemiljøet trygt og godt, er ein rett som alle elevar i Øygarden kommune har.
I Opplæringslova §12.2 står dette: «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring».
Kontaktinformasjon for føresette og elevar
Dersom tiltak i barnehagen eller på skulen - og tiltak mellom barnehage eller skule og heim ikkje er nok, kan føresette og elevar ta direkte kontakt med:
Pedagogisk psykologisk ressurssenter
E-post: trygt.godt@oygarden.kommune.no
(NB! ikkje bruk e-post til sensitive opplysningar, bruk berre e-post til å oppretta kontakt, så tar vi kontakt via telefon for meir informasjon om saka)
Telefon:
- Barnehage | Marianne C Gjerstad: 932 96 27
- Skule | Ranveig Bungum: 911 99 384
Dersom barnet er elev på ein skule, kan du også ta direkte kontakt med helsesjukepleiar på skulen.
Kontaktinfo for barnehage og skule
Tilsette i barnehage og skule kan ta kontakt med Pedagogisk psykologisk ressurssenter (PPR) sin kontaktperson på den enkelte eining for drøfting og vurdering om vidare rettleiing/hjelp. Dersom det er behov for meir rettleiing/hjelp/kompetanseheving utover dette, bruk skjema:
Nyttige lenkjer